Innspel til handlingsplan

Born i Fresvik var med på strandryddedag saman med Nærøyfjorden Verdsarvpark våren 2019

Parken sin arbeidsutval handsama og godkjende i møte den 20. september d.å. skisse for arbeidet med Handlingsplanen for 2020.

Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.

Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:

-SKAPE NÆRING OG KULTUR.

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

- TA VARE PÅ KULTURARV.

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2020 vert det no opna for innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.

Nytt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no

Skjema for innspel og retningsliner finn du og Her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/


Frist for innsending er sett til måndag 21. oktober 2019.

Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane før vidare handsaming i Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret.

Sjå òg gjerne innom heimesidene våre: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen 2019.

Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.

Forrige
Forrige

Styrkar satsinga på norske regionalparkar

Neste
Neste

Pressemelding - besøksstrategi