INFOMØTE OM RESTAURERINGSPLAN FOR KULTURMINNE I VERDSARVOMRÅDET

Utsyn frå Dyrdal (foto: Nærøyfjorden Verdsarvpark)

Den eksisterande restaureringsplanen for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap-delområde Nærøyfjorden frå 2014 skal rullerast. I samband med det inviterer me til informasjonsmøte og involvering i prosessen med planen.

Hovudmålgruppa for møtet er eigarar og forvaltarar av bygningar og andre kulturminne innafor verdsarvområdet i kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss.

Andre med særskild interesse for/ nytte av å delta på møtet er og velkomne.

Servering av kaffe/ te og noko å bite i.

Dato: 20. januar 2020

Tid og stad: kl. 17.30-19.30 i Vikingbyen i Gudvangen (nytt hovudinngangen)

Kontaktpersonar:

Vestland fylkeskommune v/ Arlen S. Bidne – tlf. 415 30 934

Nærøyfjorden Verdsarvpark, v/ Gry Mørk – tlf. 951 41 438

Forrige
Forrige

Aurland Naturfond - søknadsfrist 1.mars 2020

Neste
Neste

God jul!