Innspel til Handlingsplan 2019
Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.
Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:
-SKAPE NÆRING OG KULTUR.
- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.
- TA VARE PÅ KULTURARV.
I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2019 vert det no opna for innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.
Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no
Skjema og retningsliner finn du og Her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/
Frist for innsending er sett til tysdag 20. november 2018.
Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane før vidare handsaming i Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret.
Sjå òg gjerne innom heimesidene våre: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.
Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.