GUIDA TURAR 2020
Verdsarvparken arrangerer kvart år guida turar i verdsarvkommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss. Turkalenderen vår for 2020 er no klar. I år satsar me på kulturhistoriske rundturar.
Alle turane - unnateke turen i Vik - har gardsbesøk og gardshistorie som «overskrift».
Turane i år kan reknast som lett-middels krevjande. Dei skal passe for folk flest å vere med på, også familiar med turglade born.
Meir informasjon om turane kjem etter kvart, både på nett og i avisene. Inntil vidare kan du notere deg fylgjande: J
Laurdag 25. april i Vik kommune
Hovsåsen rundt:
Hopperstad stavkyrkje - Hove steinkyrkje – Hagen - Hovsåsen – Brekka - Hopperstad
Hovsåsen rundt er ein tur gjennom historisk kulturlandskap, rikt på kulturminne og fine utsiktspunkt.
Guiding/turleiing: Sylvringen v/ Jens Brekke og Geir Johansen
Sundag 24. mai i Lærdal kommune
Borlaug – Eråksdalen – Eråkstølen - Bergestølen - Borlo Bygdetun
Guiding/turleiing: Dagfinn Hegg-Lunde og Lærdal Turlag v/ Rolf Engløkk eller Finn Gram
Sundag 14. juni i Aurland kommune
Berekvam – Geithusane – Vidme Gard – Gamlevegen - Berekvam
Guiding/ vertskap: Vidme Gard v/ Håvard Vidme og Anja….
Sundag 30. august i Voss kommune
Sivle Gard – Nåli (t/r)
Guiding/ vertskap: Sivle Gard v/ Randi E. Eide
Kontaktperson for alle turane: Parkforvaltar Gry Mørk, tlf. 95141438, e-post: gry@naroyfjorden.no