Fylkeskulturprisen 2017 til Kristin Sønnerheim
Kristin Sønnerheim går under kallenamnet Mor Aurlandsdalen. I over 50 år har ho stelt og rydda stien gjennom dalen med handemakt. No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen sin.
Sønnerheim er 85 år og vart tidlegare i år attvald som leiar i Venner av Aurlandsdalen. Stiftinga har som mål å fremje interessa for og halde ved like og utvikle dalen.
Avgjerande innsats
– Innsatsen til Kristin Sønnerheim har vore avgjerande for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. Vandrerutene i dalen blir no brukte av hundrevis av menneske kvart år, og vi ønskjer å heidre Sønnerheim for å ha bidrege til dette, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
Engasjementet for Aurlandsdalen starta Sønnerheim saman med ektemannen Kåre (1921–2006), som var den siste som vart fødd på garden Sinjarheim i dalen. Saman rydda dei stiar, la ut bruer og formidla historie. Sønnerheim har også engasjert seg sterkt i å ta vare på gamle gardar og stølshus og har vore talskvinne for å ta vare på kulturverdiar som bygningane representerer.
Dette skriv Sogn og fjordane fylkeskommune på sine nettsider. Og me gratulerer Kristin so mykje med prisen!