Me inviterer til ein «liten folkefest» med underhaldning for liten og stor og ein sosial møteplass der me feirar at det går mot lysare tider. Undredal Ungdomslag inviterer til eit yrande folkeliv i bygdi med aktivitetar på dagtid og sosiale møteplassar på kveldstid med quiz, konsert underhaldning og dans.
PROGRAM
Fredag: Sosialt samvær med Quiz’, åresal 19:30 Undredal Bryggje Gratis inngang
Laurdag: Lavvo og inngjerda område for killingar på campingen 12:00 Servering frå bålpanne, hesteskokasting m.m. til 15:00 Aktivitet og smaksprøvar ved Nærbutikken Underdalsbui
Kveldsprogram: Middag med lokalt kjekjøt og dessert 17 – 19 Undredal Bryggje. Meir info om meny og pris vert kunngjort om ikkje lenge.
Konsert med «Skjemt og alvor» krydra med ein miks av kjende og sjølvlaga songar, høg allsongfaktor. Aktørar: Kristen Olav og Magne Grøttebø, Odd Hagen og Leif Inge Underdal 19:30 Bill. Kr 150,-
Dansemusikk: «Anita & The Amazing Greys» 21:30 Undredal Bryggje Bill pris kr. 250,-
Fellesbillett for konsert og dansemusikk kr 300,-
Matervering: Undredal Bryggje
Overnattingstilbod: Epost: booking@visitundredal.no og få tilsendt info om alternativ.
For å sikre deg billett til arr. med inngangsbillett er det førehandssal på TicketCo https://undredalungdomslag.ticketco.events/no/nb/e/vinter_sol_fest__undredal
Me minner òg om Mini-konferansen «Bygdi, dalen og mulegheitene», som er i Undredal ungdomshus laurdag 22. mars kl 11:00 – 15:30.
Undredal Ungdomslag