Høgdegarden Hovland Gard på Vangsnes held open verktøykveld i oktober i samarbeid med Fortidsminneforeningen Sogn lokallag og Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Denne kvelden blir det høve til å studere og diskutere gamle verktøy og reiskapar frå garden. Har du sjølv noko liggjande heime, som du ynskjer å vise fram eller som du lurer på kva er? Ta det gjerne med hit.
Eirik Tistel frå Tistel Gard i Vik blir med denne kvelden og gjev ei innføring i sliping med både slipestein og bryne. Har du gamle verktøy som treng å slipast, så kan du ta dei med.
Vel møtt til ein hyggeleg haustkveld på Hovland Gard!