Tilbake til alle arrangementer

Utviklingskonferansen 2022

  • Fretheim hotell Flåm Norway (kart)

Utviklingskonferansen 2022

Nærøyfjordområdet sin UNESCO verdsarvstatus som konkurransefortrinn mot 2030

Fretheim hotel, Flåm


Påmeldingsfrist er 18.november

Målsettinga med konferansen er å spele opp til ein konstruktiv, framtidsretta prosess for utnytting av Nærøyfjordområdet sin verdsarvstatus som konkurransefortrinn, og synleggjere potensialet i statusen som ein drivande positiv faktor i framtidig besøks-, næring- og samfunnsutvikling.

  • Korleis kan verdsarvområdet og denne regionen skilje seg ut som reisemål og ta ein endå tydlegare posisjon i eit framtidig reiseliv som Fyrtårn og Grønt Reisemål med reelt innhald?  

  • Kva kan gjerast for å styrke samarbeid og samhandling som kan føre til betre besøksfordeling i tid og rom, enno større lønsemd, enno betre miljømessig berekraft og enno betre opplevingar for gjestene?

  • Kan Aurlandsfjorden/ Nærøyfjorden bli det fremste reisemålet for cruisegjester med redusert mottak av cruisebåtar?

Nokre sentrale diskusjonstema vil vere grøn mobilitet, «riktige» målgrupper, marknader og reise-straumar, infrastruktur og tilrettelegging av fellesgoda, framtida for cruiseturismen i Nærøyfjorden, Sognefjorden og Vestlandet, og verdsarvstatusen som konkurransefortrinn: korleis vidareutvikle verdsarvkvalitet og innovasjon i produkta, opplevingane og lokalsamfunna?

Program

Kort om innleiarane og moderatoren:

Nærøyfjorden Verdsarvpark, styreleiar David Underdal

Verdsarvstatusen – forsaking eller fortrinn?

David er varaordførar i Aurland kommune og styreleiar i Nærøyfjorden verdsarvpark.


Vestland fylkeskommune, fylkesvaraordførar Natalia Golis

Reiselivet på Vestlandet mot 2030 – er me på rett veg?

Natalia er fylkesvaraordførar i Vestland fylke og representant i Kvam heradsstyre, og har vore styremedlem i Hardanger Næringshage.

The Fjord Tours Group, Kristian Jørgensen

Grøn mobilitet og nye reisemønster

Kristian er CEO i Fjord Tours Group AS, styreleiar i Best Arctic Group AS og tidlegare reiselivsdirektør I Fjord Norge AS.

ARU/Norway´s Best, Vidar Hauståker

Kva skal til for vidare verdiskaping i reiselivet?

Vidar er Forretningsansvarleg for Flåm i Norway´s Best, tidlegare økonomisjef i konsernet og Senior Manager i PwC.

Northern Xplorer, Rolf Sandvik

Kva er ideen bak Northern Xplorer?

Rolf er CEO i Northern Xplorer AS og Global Maritime Services Ltd. Han tidelegare direktør for The Fjords DA og visepresident for destinasjonsutvikling i SIVA SF. Før stillingen i SIVA var Rolf kaptein i mange år for cruiserederiene Norwegian Cruise Line og Crystal Cruises.

Cruise Norway, Jon Olav Stedje

Cruiseutviklinga på Vestlandet etter 2026
Driftsleiar, Aurland Hamnevesen KF, Flåm Cruise Port. Ambassadør, Environmental Port Index. Member of the sustainable committee, Cruise Europe.

Voss herad,
Hans-Erik Ringkjøb

UNESCO verdsarvområdet mot 2035
Hans-Erik er ordførar i Voss Herad og medlem av Verdsarvrådet. Han har vore med i arbeidet med UNESCO verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap sidan starten, og er aktiv i regionale og nasjonale politiske verv og reiselivsprosjekt som t.d. Fellesgodeprosjektet.

Hilde Charlotte Solheim

Rammevilkår og verdien av verdsarvstatusen

Hilde Charlotte er rådgjevar, forfatter og journalist. Ho er tidlegare direktør for reiseliv og kultur i Hovedorganisasjonen Virke og direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i NHO Reiseliv, og har vore styreleiar i BRIM Explorer, Visit Hardangerfjord, Destinasjon Røros, Visit Geilo, Norrøna Hvitserk og styremedlem i verksemder innen kultur- mat og natursektoren.

Ståle Brandshaug, Moderator

Ståle er partnar og rådgjevar i 2469 Reiselivsutvikling AS og tidlegare reiselivsdirektør i Visit Sognefjord AS og Region Stavanger BA, i tillegg til sentral deltaking i mellom anna Visit Norway strategisk råd, NCE Tourism Fjord Norway, ARENA Innovativ Fjordturisme, Forskingssenter for berekraftig reiseliv, Stavanger Cruise Destination og fleire reiselivsprosjekt på vestlandet.

Arrangørar

Tidligere arrangement: 16. november
Kulturkonferansen Vestland; Frivilligheit bygger samfunn.
Senere arrangement: 22. november
Parkmøtet 2022