Velkomen til Undredal – midt i verdsarven

Velkomen til Undredal   –   midt i verdsarven

 Undredal er ei særprega og koseleg bygd midt på fjordstrekningen mellom Flåm og Gudvangen. Kun 10 minuttar køyring med bil frå Flåm. Husa tett i tett  som ein landsby.  Undredal er  i dag vidt kjend for stavkyrkja og for den kvite og brune Undredalsosten. At bygda har heilårsopen butikk med post gjer at du møter ei pulserande bygd med møteplassar og eit sosialt liv heile året. Før vegutløysinga i 1988, var innbyggjarane i Undredal meir isolerte og måtte dra sjøvegen om dei skulle ut av bygda i ærend. Undredal stavkyrkje er  bygt rundt 1147 og fyrste gong nemnd i eit kyrkjebrev frå omkring 1320. Undredal er i dag takka vere oppsvinget etter vegutløysinga eit aktivt og levande lokalsamfunn som søkjer å ta vare på kvalitetane som ligg i Verdsarvstatusen og utvikle ny næringsaktivitet.                                                                                                                                                                                                                                                               Opplev Undredal – Finn butikk, overnatting  og Undredalsost på www.visitundredal.no

Telefon +47 95137403.  E-post: info@visitundredal.no

http://www.visitundredal.no/wp-content/themes/green_avenue/images/header.jpg                                                                                                                                                                                                                                                            Undredal Stølsysteri  lagar kvit og brun Undredalsost  – les meir på    www.undredalsost.no

http://www.undredalsost.no/wp-content/themes/sustainable/images/logo_usy.gif                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 

  Servicebygget Gjestestova - har romslige  toalett og  dusj  fasilitetar anten du kjem med bil, båt , til fots eller med kajakk. Gjestestova har 3 attraktive leilegheiter for utleige i andre etasje.

For booking klikk følgjande lenke: http://booking.alr.no/go/9C098D1/15/59/no

Eller ring tlf 0047 57633100 mob. 0047 95137403.

 

  Utsikt mot dalen     

 

Undredal Stavkyrkje. Undredal Stavkyrkje er open for omvisning frå 1 juni til 15 august. Elles etter avtale. Nytt av året er bygdevandring med besøk i stavkyrkja. For meir informasjon sjå www.undredal-stavkyrkje.com .For å tinge omvisning, kontakt oss på post@undredal.no . Lik oss på Facebook Undredal Guideservice.

   Engel 800p (2)

 

Undredal Ungdomslag. Eit lokallag under Noregs Ungdomslag basert i Undredal i Aurland Kommune. Laget står for mykje forskjellige aktivitetar og festar. Lenkje til nettside: Undredal Ungdomslag

 

Undredal Tredreieri -Edvin Flåm. I Smihola, fremst i bygda held Edvin Flåm til. I verkstaden sin skaper han dei vakraste arbeid av tre. Edvin tilbyr eit stort utval i turkoppar, skåler, krukker og andre produkt veleigna til gåver eller premier. Alt er handlaga av tre frå området.  Telefon +47 95278225. E-post edvin.flam@alb.no. Les meir klikk her

 

 

Erna Underdal Skarsbø- er fjerde generasjons bonde og osteprodusent ved familegarden Underdal. Ho har som mål å ta vare på tradisjonen og kunsten med osteproduksjon, og å vera
ein tradisjonsberar av kunnskapen Erna lærde av mora Lovise Underdal. På stølen Langhuso produsera og sel Erna Brimost, Kjeskinn og Geitepølse produsert på Evanger pølsefabrikk av kjøt av eigne geiter. Ta gjerne ein tur innom for ein smak og litt historie. Besøk oss på facebook- Erna Underdal Skarsbø

EUS logoBrimost på skei langhusoGeit på melhus-ErnaUS

 

Underdølen er eit blad som kjem ut to gonger for året.

Du kan bli abbonent ved å sende ein e-post til post@undredal.no.

Pris for innanbygds abbonentar er kr.100,. Pris for utanbygds abbonentar kr.150,- Last ned eldre utgåver her:

underdolen-juli-2010-web Underdølen vinter 2010

underdolen-des-2010-web  

underdolen-jun-2011-web

underdolen-des-2011-web

Email this to someoneShare on Facebook