Tilskotsordningar

Det finst eit mangfald av tilskotsordningar som er mogleg å søkje midlar frå til ulike føremål, og det er ei utfordring å orientere seg i dette landskapet av lokale, regionale, statlege så vel som private tilskotsordningar.

 

Ein av funksjonane til parkadministrasjonen er å hjelpe partnarane sine og andre i parkområdet til å finne fram til det som for dei er relevante tilskotsordningar. Ved sida av å bidra med rådgjeving i høve finansieringsspørsmål, vil vi her på heimesida over tid byggje opp ein oversyn over tilskotordningar som parkadminstrasjonen har god kjennskap til.

 

Elles syner me til Legathåndboken, som kjem i revidert utgåve kvart år. Den er ein viktig ressurs for alle som ønskjer å realisere noko, men som ønskjer eller treng eksterne midlar for å få dette til. Du får den både i papirutgåve og på nett (ufullstendig) (trykk her).