KOMPETANSE

Behovet for kunnskap er stort i arbeidet med den type utviklingsprosessar som Verdsarvparken ynskjer å stimulere. Nærøyfjorden Verdsarvpark samarbeider difor med forskingsinstitusjonar og Høgskulen i Sogn og Fjordane om kunnskaps og kursutvikling.

 

Det viktigaste fokuset for Verdsarvparken er likevel å bidra til kompetanseutvikling på grasrota. Her står vertskapsrolla og kunnskap om formidling av natur- og kulturarven sentralt.

FORUM FOR INTERPRETASJON er eit samarbeidstiltak mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Aurland natur og kulturarv. Kurset “Bli bygdevert” er det første tunge løftet i dette arbeidet.

Les meir på heimesida til Forum for interpretasjon: www.interpretasjon.no.

 

Workshop i dokumentasjon og demontering av stovebygning

Kva er det som er viktig når ei eldre bygning skal takast ned og tømmer byttast ut?
Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerer ei samling for å formidle praktisk kunnskap omdokumentasjon og demontering av eldre bygningar som skal restaurerast.

For program og påmelding, sjå her