|
|
Kontakt | Møteplassen | |
|
||||
![]() |
||||
|
|
||||
![]() |
||||
VERDSARVENUNESCO (The United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Somme stader i verda, både natur- og menneskeskapte, vert rekna som uerstattelege dersom dei skulle gå tapt. Slike stader er skrivne inn på UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande og universell verdi, Verdsarvlista. Norge ratifiserte i 1977 Verdsarvkonvensjonen - eller World Heritage Convention - av 1972. To år etter fekk vi Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje inn på Verdsarvlista som dei to første objekta våre. Som representant for uvurderlige naturverdiar vart Nærøyfjorden og Geirangerfjorden skrivne inn på Verdsarvlista den 14. juli 2005. Ut over desse tre, er fire andre stader i Noreg ført opp på lista. Desse er alle kulturområde:
Verdsarvstader i Norge Bryggen i Bergen står med sin særprega men tradisjonelle arkitektoniske utforming som sentralt merke etter internasjonal handel i seinmellomalderen. I følge Riksantikvaren er Bryggen den einaste handelsstasjonen utanfor Den hanseatiske liga som har bevart den originale strukturen innanfor det sentrale bylandskapet. Den opphavelege bruken av Bryggenområdet tok slutt først ut på 1900-talet. For meir informasjon, sjå www.stiftelsenbryggen.no. Urnes stavkyrkje er ei av dei eldste, best bevarte, samt mest stilhistorisk og arkitektonisk særprega stavkyrkjene vi har. I tillegg ligg kyrkja i eit mektig fjordlandskap. For meir informasjon, sjå www.riksantikvaren.no. Bergkunsten i Alta det største nordeuropeiske helleristningsanlegget som vi kjenner til etter jakt- og fangstfolk. Dei rike bergkunstfelta i Alta omfatter meir enn 5000 figurar frå 2000-6200 år attende i tid, og vart skrive inn på Verdsarvlista i 1980. For meir informasjon, sjå www.alta.museum.no/. Bergstaden Røros fekk plass på Verdsarvlista i 1981. Staden sin i stor grad intakte bystruktur og busetnad synliggjer klart byjordbruket og gruvedrifta sin verdi for dette samfunnet. For meir informasjon, sjå www.verdensarvenroros.no. Vegaøyan på Helgelandskysten i Nordland vart i 2004 innskrive på Verdsarvlista som kystkulturlandskap med ein tilblivelsesprosess på over 10 000 år. Sentralt står forminga av landskapet gjennom fangst og fiske all denne tida. Den tradisjonelle ærfugldrifta med sanking av egg og dun, har vore ein viktig kvinnedominert næringsvei i dette området, og verdsarvstatusen er delvis også meint som ein hyllest til innsatsen deira her. For meir informasjon, sjå www.verdensarvvega.no. Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane er eineståande eksempel på klassiske fjordlandskap og har opplevingskvalitet av det sjeldne. Ingen andre fjordlandskap i Norge er meir urørte, men viser samstundes spor etter menneske heilt attende til då isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan og fram til i dag. Naturen og kulturarven i området er unik i internasjonal målestokk. For meir informasjon, sjå www.verdensarv.com. Struves meridianbue - tekst under utarbeiding. Meininga med Verdsarvkonvensjonen er verda over å ta spesielt vare på og derved sikre eksistensen til område og objekt med eineståande kultur- og/ eller naturverdi. Verdsarvstatus er ikkje noko som vert tildelt ein gong for alle, men varer ved gjennom kontinuerleg ivaretaking av dei kvalitetane som gav grunnlag for statusen. Om ein Verdsarvstad skal halde fram som det, er det Verdsarvkomiteen som tek stilling til. Les meir om dei norske verdsarvstadene og relaterte tema på whc.unesco.org eller www.unesco.no. |
||||
Vevtenesta til Nærøyfjorden Verdsarvområde er utvikla av Aurland Kommune i samarbeid med: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Designbyrået Gasta og Asplan Viak Internet as. logg inn |
||||