KULTUR

Dei store norske fjordsystema har ved sida av framkommelege fjellpassasjar vore dei viktigaste ferdslevegane mellom kyst og innland opp gjennom historia og hadde tidleg omfattande busetnad. Ulik menneskeleg bruk har auka heller enn forringa verdiane i desse områda, som nyleg fekk verdsarvstatus.

Dei kulturhistoriske spora i området er mange og varierte, frå dei eldste tider opp til i dag. Døme på den verdefulle kulturarven her er kulturminne frå jakt og fangst, m.a. fangsgraver, ledegjerde og bogastille for reinsjakt. Bygningsmiljøet er særprega, der husklyngene lig som blikkfang i fjordlandskapet, nede langs fjorden, som Bakka, Dyrdal, Styvi og Undredal, eller oppe i høgda, på hyllegardar som Nedbergo, Stigen og Sinjarheim. Her finst fleire listeførde kyrkjer og andre, meir moderne særmerkte byggverk. Kulturlandskapet er også rikhaldig og omfattar gardar, stølar, bjørkehagar, lauvingstre, slåtteenger, beitemark, kol- og tjæremiler, vatningsveiter og eit stort nett av historiske stiar og vegar. Den kongelege postvegen mellom Bleiklindi og Styvi i Nærøyfjorden, Stalheimskleiva, Rimstigvegen over til anten Jordalen, Fresvik eller Dyrdal, Rallarvegen opp Flåmsdalen eller kløvjevegen gjennom Aurlandsdalen, for å nemne somme. Ei rekkje freda fornminne finst her også, som hus-, støls- og nausttufter, hellarar og gravrøyser. Stalheim, Nærøydalen og Nærøyfjorden høyrer til dei klassiske turistrutene og blant dei mest kjente reisemåla i Norge frå slutten av 1800-talet.