NÆRING

Aurland kommune har store areal som er underlagt statleg vern. Den verna naturen har no og fått status som Verdsarv. Reiselivsnæringa i Aurland er stor. Hovudtyngda av turismen fell på nokre få store aktørar. Desse er viktige bærebjelker i kommunen. Det er likevel ei utfordring å få turisten til å bli lengre, og oppleve naturen og den lokale kulturen på nært hald.

Lokalsamfunna i kommunen slit med fråflytting. Landbruket er pressa og bruk vert lagt ned. Som ein fylgje av dette vert attgroing eit problem. Areal som ligg i eit naturvernområde får ein redusert verdi for grunneigar i tradisjonell forstand. Moglegheita til komersiell utnytting vert sterkt avgrensa.

Ein har i Aurland forsøkt å ta eit grep om desse utfordringane. Her er fleire som arbeidar for ny næring der ressursane i landskapet kring oss kan nyttast på nye måter. Nærøyfjorden Verdsarvpark vil kunne sameine desse kreftene og gje aktørane ein felles identitet.