|
|
Kontakt | Møteplassen | |
|
||||
![]() |
||||
|
|
||||
![]() |
||||
OPPLEVINGARTuristferdsla til det som i dag vert kalla Nærøyfjorden verdsarvområde er langt ifrå ny, sjølv om den har auka drastisk i omfang. Bilete så vel som skrift dokumenterer at området har vore reisemål og inspirasjonskjelde for ulike menneske frå verda over i ein periode på 150-200 år. Den veksande turismen opp gjennom åra har ført til at stader har vakse fram eller endra storleik. Gudvangen voks fram som turistsentrum allereie siste halvdel av 1800-talet på grunn av den populære reiseruta Voss-Gudvangen, Flåm i noko seinare tid i kjølvatnet av utbygginga av Flåmsbana og tilgjengeleggjeringa av storslegne Flåmsdalen. Stalheim på si side har vore naturleg stoppestad for farande mellom aust og vest lenge før den moderne turismen tok til og er det enno. No som før er det først og framst naturen her i verdsarvområdet folk kjem for å oppleve, som elvene sin flaum gjennom tronge dalar, fossanes fall nedover steile fjell som fjordane buktar seg imellom, eller vidstrakte fjellandskap, glimt av skreder og ville dyr. Men fleire og fleire menneske søkjer også etter kulturelle opplevingar av det ekte og særprega, det lokale og tradisjonsrike, etter syn, smak eller lyd av den lokale kulturen og historia til området. Opplevingstilbodet her i verdsarvområdet er i dag større og rikare enn nokon gong, til glede for turistar så vel som fastbuande. Naturen og kulturarven ikring oss er kjelda det stadig meir vert ausa av for formidling av kunnskap – eller innsikt -, oppleving – eller innleving - blant tilbydarar av ulikarta teneste og produkt. Nærøyfjorden Verdsarvpark omfamner denne utviklinga, den turismen som ivaretek, styrkar og framhever den lokale eigenarten til verdsarvområdet på forskjellige måtar og som kjem lokalsamfunnet til gode. I eit område som vårt, som no vert vitja av om lag ein halv million turistar sommarsesongen – eit tal som truleg vil kome til å stige – er eit berekraftig reiseliv heilt naudsynt.
|
||||
Vevtenesta til Nærøyfjorden Verdsarvområde er utvikla av Aurland Kommune i samarbeid med: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Designbyrået Gasta og Asplan Viak Internet as. logg inn |
||||