Nytilsett restaureringshandverkar i Verdsarvparken

I byrjinga av februar starta Magnus Wammen opp i jobben som restaureringshandverkar i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Magnus har over fleire år bygt seg opp kompetanse innan variert restaureringsarbeid. Ved sida av å vere utdanna tømrar, har han fleire kurs i restaureringsarbeid og har elles mykje arbeidsrøynsle innan feltet.

 

 Magnus kjem frå Sande i Vestfold, og kjem rett frå ei stilling som museumshandverker ved Norsk Folkemuseum i Oslo. Vi håper at han finn seg godt til rette i Aurland den tida han skal vere i arbeid for Verdsarvparken. I tillegg til å delta i ulike utvalde prosjekt som utførande handverkar, skal Magnus like mykje vere ein ressurs når det gjeld planlegging, koordinering, leiing og rådgjeving i ulike restaureringsprosjekt. Formidling er også ein sentral del av stillinga, og det er eit mål å få avvikla fleire handverksrelaterte kurs i løpet av dette året.

 

Magnus har kjennskap til området han skal arbeide innanfor frå før. Han har mellom anna vore engasjert i arbeid i Aurlandsdalen (Almastova og Sinjarheim).

 Allereie ein liten månad etter tilsetjing, har Magnus vunne å planleggje og leggje konkrete planar for sommarhalvåret og hausten som kjem, og kome i god kontakt med grunneigarar og andre aktørar i området. Me håper likevel på innspel til fleire aktuelle prosjekt der han kan nyttast som ressurs. Magnus kan kontaktast på tlf.: 97 75 66 71, e-post: magnus@naroyfjorden.no, og har Fjordsenteret i Aurland som kontorstad.

Mening

Reager på : Om området
Navn :
Titel :
Beskjed :

Enter the code exactly as you see it in the image below
(Cookies must be enabled)
Code Image - Please contact webmaster if you have problems seeing this image code
Load New Code