Ledig vikariat i Nærøyfjorden Verdsarvpark

 

Fresvikvarden

Parkforvaltaren vår innan kulturminne og formidling går ut i permisjon i byrjinga av april. Me har difor ledig vikarstilling innan arbeidsfeltet, med ønskje om snarleg tilsetjing.

Sentrale arbeidsoppgåver

- Bidra til verdiskaping knytta til kulturarven i verdsarvområdet, i samarbeid med eigarar og andre bruksinteresser, samt forvaltningsstyresmakter

- Hjelpe fram kvalifiserte søknader om finansiering til ulike finansieringsordningar, herunder Norsk Kulturminnefond, fylkeskommunar, kommunar, private fond og stifitingar, osv.

- Utvikling, koordinering og oppfylgjing av ulike kulturminnerelaterte prosjekt

- Sekretariatstenester for Aurlandsdalen Kulturlandskap, styret for Otternes Bygdetun og Kystled Nærøyfjorden

- Hovudansvar for formidling av Verdsarvparken sitt arbeid med natur- og kulturarven gjennom heimesida og andre tenlege informasjonskanalar

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med kompetanse og/eller interesse for kulturarv og formidling.

Stillinga er krev gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men også gode evne til sjølvstendig arbeid. Ein må vere i stand til å ha "mange ballar i lufta samstundes", vere strukturert og omstillingsdyktig. God skriftleg og munnleg framstillingsevne bør ein også ha.

 

Vi kan tilby

- Ein variert, lærerik og inspirerande jobb i ein nyskapande organisasjon og eit av verdas vakraste fjordlandskap

- Sosialt godt og fagleg utviklande arbeidsmiljø

- Fleksibel arbeidstid

- Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass

 

Stillinga som parkforvaltar innan kulturminne og formidling er eit eittårig vikariat, 100% stilling.

Tilsetjing snarast mogleg.

Ein må disponere eigen bil.

 

Ønskjer du meir informasjon, kontakt dagleg leiar, Erling Oppheim, på tlf. 57 63 29 09/ 95 17 25 95, eller parkforvaltar Gry Mørk på tlf. 95 14 14 38.

Send skriftleg søknad elektronisk, saman med oppdatert CV og referansar, innan 20. februar til erling@naroyfjorden.no

 

Velkomen som søkjar!

Mening

Reager på : Om området
Navn :
Titel :
Beskjed :

Enter the code exactly as you see it in the image below
(Cookies must be enabled)
Code Image - Please contact webmaster if you have problems seeing this image code
Load New Code