Geitostfestival og Slåttefest
Festivalsomrane i verdsarvområdet har mykje å by på. I den sjarmerande, lille verdsarvbygda Undredal vert det annakvar sommar arrangert geitostfestival knytt til den unike geitostkulturen til bygda, annakvar sommar slåttefest i samband med dei stadbundne slåttetradisjonane.
Desse Undredalsfestivalane pågår siste helga i juli kvart år, frå fredag til søndag. Her er mykje liv og røre med marknad, kulturelle innslag av ulike slag både på dag- og kveldstid, aktivitetar for born, tradisjonsformidling, åresal, og høve til å kjøpe god mat og drikke. Festivalane samlar folk frå fjern og nær.
Du kan lese meir om Geitostfestivalen og Slåttefesten her.
Vil du vite meir om den berømde Undredalsosten, klikk her og her.


