Turar og løp







Høgfjellet er blant dei viktigaste rekreasjonsområda, og er mykje nytta både

sommar og vinter, i form av ski- og fotturisme, jakt og fiske. På fjordane er både

kajakkar, kanoar og robåtar i bruk.


I området finst det ei mengd turar både for dei som ønskjer lette gåturar,

dagsutflukter eller skikkelege langturar. Både Verdsarvparken og Den norske

Turistforening (DNT) har merka mange flotte turruter i området. I tillegg går

ei rekke stølsvegar som er lette å følgje, gjerne med varding på fjellet, inn i

området.


Moglegheitene er størst innan uorganiserte turar, men nokre organiserte turar

vert arrangert kvart år. Ein turkalender er å finne på nettsida til Nærøyfjorden

Verdsarvpark.


Naturlege høgdepunkt i parkområdet


  • Utsikten frå Prest i Aurland
  • Rasteplassen Stegastein på Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal
  • Fjellet Beitelen som skil Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden
  • Bakkasundet i Nærøyfjorden
  • Fresvikbreen
  • Utsikta frå toppen av Stalheimskliva
  • Fjellet Bleia mellom Aurlandsfjorden og Sognefjorden



Organiserte turar


  • Verdsarvturen på Rimstigen
  • Kongevegmarsjen på postvegen frå Bleiklindi til Styvi
  • Aurlandsmarsjen i Aurlandsdalen
  • Den norske Turistforening (DNT)
  • Stigen gard og Turer
  • Sivle gard
  • Dyrdal gard
  • Åreleiken
  • Kystled Nærøyfjorden
  • Båtturar knytt til Kysten sin dag


Nokre av dei fine turrutene

  • Aurlandsdalen
  • Rallarvegen i Flåmsdalen
  • Dei historiske vegane Vindhellavegen, Seltåsen og Sverrestigen -alle mellom Husum og Borgund stavkyrkje i Lærdal
  • Øvsthusdalen frå Stalheim
  • Ljosanddalen frå Mjølfjell
  • Ljosdalen frå Flåm
  • Jonadalen frå Undredal
  • Vegen frå Engi i Fresvik, om Fresvikbreen til stølsdalen Fresvik-Jordalen
  • Den gamle stølsvegen til Rimstigen med startpunkt på Bakka i Nærøyfjorden